festsal ved Universitetet i Oslo From Wikipedia, the free encyclopedia
Universitetets aula, eller berre Aulaen, er ein festsal i Domus Media, midtbygningen, ved det opphavlege Universitetet i Oslo på Karl Johans gate i sentrum av Oslo. Aulaen er ei eiga fløy som stikk ut frå Domus Media midt på baksida av bygningen, men med inngang frå den mektige trappa som går opp attom søylerekka på framsida av Domus Media, slik at Aulaen har tilkomst frå Universitetsplassen.
Universitetsbygningane vart tekne i bruk i 1851, medan Aulaen vart bygd til hundreårsjubileumet til universitetet i 1911. Aulaen vart utforma utan vindauge, med overljos frå glastak, og med store innvendige veggflater som var meint for å verte utsmykka. Etter diskusjonar og strid vart salen utstyrt med monumentale måleri av Edvard Munch, måla med oljefargar på lerret festa til desse veggflatene.
Arkitektar for Universitetets aula var Harald Bødtker og Holger Sinding-Larsen. Arkitekt for Domus Media hadde vore Christian H. Grosch, som hadde fått assistanse av den namngjetne tyske arkitekten Karl Friedrich Schinkel.
Universitetes aula var hovudarenaen for symfonikonsertar og andre konsertar i Oslo før Konserthuset vart bygd, og er framleis ofte nytta som konsertlokale på grunn av god akustikk, høveleg storleik og sentral plassering.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.