![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b8/2000_Year_Temperature_Comparison-no.png/640px-2000_Year_Temperature_Comparison-no.png&w=640&q=50)
Den vesle istida
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den vesle istida er ei nemning på ein kjøligare periode som fann stad etter Den varme perioden i mellomalderen.[1] Det var ikkje ei eigentleg istid, men termen har vore nytta sidan han blei introdusert i vitskapleg litteratur av François E. Matthes i 1939.[2] Konvensjonelt har ein definert den vesle istida til ein periode mellom 1500- og 1800-talet,[3][4][5] men nokre ekspertar føretrekk ein alternativ periode frå rundt 1300[6][7] til rundt 1850.[8][9][10]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b8/2000_Year_Temperature_Comparison-no.png/320px-2000_Year_Temperature_Comparison-no.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/39/Pieter_Bruegel_the_Elder_-_Hunters_in_the_Snow_%28Winter%29_-_Google_Art_ProjectFXD.jpg/640px-Pieter_Bruegel_the_Elder_-_Hunters_in_the_Snow_%28Winter%29_-_Google_Art_ProjectFXD.jpg)
Den vesle istida sette i gang til ulike tider rundt på jorda og det meste tyder på at den nordlege halvkula vart hardast råka.[11] Perioden var prega av strenge vintrar og mykje nedbør, men vår- og hausttemperaturane var òg lågare enn normalt. Kor mykje temperaturen fall med i snitt er det ulike oppfatningar av, men nokre anslag er inntil ei grad i tilhøve til dagens temperatur. Sjølv om folk ikkje kjende det så godt på kroppen, merkte ein det på avlingane med kortare vekstperiodar.
NASA Earth Observatory har funne tre særleg kalde periodar: Ein som byrja rundt 1650, ein annan 1770 og den siste i 1850. Mellom desse var det intervall med svak oppvarming.[5] SN sitt klimapanel har teke for seg tida og områda råka av Den vesle istida, og kome fram til at klimaendringane i denne perioden stort sett var regionale og ikkje fann stad på nøyaktig same tid globalt.[11]
Det er lagt fram fleire moglege årsaker til Den vesle istida: Avtakande solaktivitet, hyppigare vulkanutbrot, endringar i karbondioksidnivået i atmosfæren, endringar i dei globale havstraumane, endringar i jordbanen og aksehellinga til jorda, vanleg variabilitet i globalt klima og nedgang i folketalet. Av desse har særleg dei to første blitt framheva.[12]