From Wikipedia, the free encyclopedia
SN sitt klimapanel (IPCC: Intergovernmental Panel on Climate Change, norsk 'Det mellomstatlege panelet for klimaendringar') er ei breitt samansett gruppe med klimaforskarar som jobbar under eit SN-mandat. Gruppa si arbeidsoppgåve er å kartleggje naturvitskapleg, teknisk og samfunnsøkonomisk informasjon som er relevant for å forstå årsakene til og potensielle effektar av klimaendringar, og korleis ein kan avgrense desse effektane. Panelet blir leidd av indaren Rajendra Pachauri.
SN sitt klimapanel | |||
| |||
Skipa | 1988 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Genève | ||
Leiar | Hoesung Lee | ||
Fokus | global oppvarming | ||
Nettstad | https://www.ipcc.ch/ |
SN sitt klimapanel vart etablert i 1988. Det la fram sin første rapport i 1990, med ei klar åtvaring om følgjene av menneskeskapt global oppvarming. IPCC sin andre rapport kom i 1995. I tredje rapport frå 2001 er konklusjonen at temperaturen kan stige med mellom 1,4 og 5,8 °C innan 2100. IPCC sin fjerde rapport kom i februar 2007.
I 2007 vart IPCC saman med Al Gore tildelt Nobels fredspris.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.