Den jødiske autonome oblasten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den jødiske autonome oblasten (russisk Еврейская автономная область, jiddisch ייִדישער אױטאָנאָמע געגנט) er ein autonom provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Han er det einaste av føderasjonssubjekta som brukar nemninga «autonom oblast» (avtonomnaja oblast). Hovudstaden er Birobidzjan. Arealet er 36 300 km² og innbyggjartalet er 176 600 (2010).
| |||||
Hovudstad | Birobidzjan | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 62. 36 300 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 80. | ||||
Føderalt distrikt | Fjerne Austen | ||||
Økonomisk region | Fjerne Austen | ||||
Regionsnummer | 79 | ||||
Offisielt språk | Russisk, jiddisch | ||||
Guvernørt | Rostislav Goldstein | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +1000 |
Provinsen ligg langt aust i Sibir, og grensar i sør til Kina ved elva Amur.
Ved folketeljinga i 2010 utgjorde jødar berre 0,9 % av innbyggjarane - 1628 menneske. 90,7 % var russarar og 2,8 % ukrainarar. Folketalet er fallande, endå meir enn i resten av Russland. I 1989 budde her 214 085 menneske, noko som tyder at folketalet gjekk ned med 11,9 % frå 1989 til 2005. Delen jødar minkar endå meir - i 1989 registrerte 8887 menneske seg som jødiske.