![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/74/Seal_of_the_International_Court_of_Justice.png/640px-Seal_of_the_International_Court_of_Justice.png&w=640&q=50)
Den internasjonale domstolen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den internasjonale domstolen, på engelsk International Court of Justice, ICJ, er SN sin domstol. Domstolen vart skipa i 1945 og starta verksemda si i 1946. Den har sete i Haag i Nederland. Domstolen vart skipa som ein direkte etterfølgjar til Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie som var i verksemd frå 1921 til 1940.
- For andre internasjonale domstolar i Haag, sjå Haag-domstolen
Kjappe fakta Skipa, Forgjengar(ar) ...
Den internasjonale domstolen | |||
![]() | |||
![]() Palas Heddwch, Den Haag, pencadlys y Llys Cyfiawnder Rhyngwladol ![]() | |||
Skipa | 1945 | ||
---|---|---|---|
Forgjengar(ar) | Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie | ||
Morselskap | Dei sameinte nasjonane | ||
Land | Nederland | ||
Styreleiar | Joan Donoghue (8. februar 2021) | ||
Nettstad | https://www.icj-cij.org (fransk) |
Lukk
Den internasjonale domstolen er det øvste juridiske organet i FN og har som oppdrag å bidra til at internasjonale lover blir følgde. [1] Det er berre statar som kan vere partar i saker som blir teke til handsaming i domstolen. Dersom ein stat ikkje ynskjer å vere part, kan den ikkje tvingast til det. Men godtar ein stat å møte for domstolen, har staten i utgangspunktet plikt til å respektere domstolen si avgjerd.