From Wikipedia, the free encyclopedia
Dativ (frå latin dare, «gjeva») eller sidefall er termen på eit morfologisk kasus. Syntaktisk er dativ ofte kasusen ein nyttar for indirekte objekt, eller han kan verta styrt av preposisjonar og adjektiv. Dativ kan også dukka opp som (oblikt) subjekt.
Kasusen dativ finst i fleire moderne språk, som til dømes i dei germanske språka tysk og islandsk. Dativ finst òg i somme norske dialektar, og må sjåast som ein rest frå gamalnorsk jamfør norrønt.
I det moderne norske skriftspråket har ein berre nokre få faste uttrykk att[1]:
Kvifor og fordi/difor er òg to døme på restar av dativ i moderne norsk frå norrøn: kvi (hví) er dativ av kva (hvat), og di (því) er dativ av det (það).[2][3]
Dei siste dativformene, igjennom sideform, brukt før rettskrivinga av 2012 er ikkje lenger godteke som rett nynorsk:
Gamalnynorsk (med dativ) | Moderne nynorsk (utan dativ) |
---|---|
Eg ser gjennom kvistane (akkusativ) på treom (dativ). | Eg ser gjennom kvistane på trea. |
Oppe i dalom | Oppe i dalane |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.