Chia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Chia (Salvia hispanica) er ein blomsterplante i leppeblomfamilien. Planten finst i Mexico, Guatemala, Paraguay, Argentina, Peru og Bolivia.[1]
Kjappe fakta
Chia | |
Chiaplanten frå Costa Rica. | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Stamme: | Mentheae |
Slekt: | Salvia |
Art: | Chia S. hispanica |
Vitskapleg namn | |
Salvia hispanica |
Lukk
Det finst tekstar i Mendoza-kodeksen frå 1500-talet som indikerer at planten vart dyrka av aztekarar i førkolumbisk tid, og økonomiske historikarar har foreslått at han var like viktig som mais som grøde.[2] Chia er framleis brukt mange stader i Sør-Amerika der kjernane tidvis blir malne, andre gonger bruker ein alt i næringsrike drykker eller som matkjelde.[3]