![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/70/Atl_tlachinolli.jpg/640px-Atl_tlachinolli.jpg&w=640&q=50)
Aztekarar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aztekarar er ei moderne nemning på det mesoamerikansk nahuatltalande folket frå sentrale Mexico som herska i Aztekarriket frå 1200- til 1500-talet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/70/Atl_tlachinolli.jpg/640px-Atl_tlachinolli.jpg)
På nahuatl tyder ordet aztecatl (fleirtal aztecah) «ein som kjem frå Aztlán», ein viktig stad i aztekisk mytologi. Aztekarane refererte òg til seg sjølv som mehikaane, meshikaane eller mexicaane, opphavet til namnet «Mexico». Alexander von Humboldt var han som føreslo å bruke namnet aztekar som eit felles uttrykk dekkande for alle folkeslaga som ved handel, skikkar, religion og språk var forbunde med meksikanarane.