Trielar ein biologisk familie Burhinidae av to slekter med til saman ti artar. Familien samlar ei gruppe av hovudsakleg tropiske fuglar. Trass i at trielar er rekna som vadefuglar, føretrekk dei fleste artane tørre eller halvtørre habitat. Dei finst i tropisk sone over heile verda, somme artar hekkar i tempererte delar av Europa og Australia.

Kjappe fakta
Trielfamilien
Thumb
Triel, Burhinus oedicnemus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Trielfamilien Burhinidae
Mathews, 1912
Lukk

Trielar er middels store vadefuglar, ofte diskret farga med kamuflerande fjørdrakt, kraftige bein, tjukt nebb og spisse, lange venger. Beina på dei fleste artane har eit markert tjukt hælledd. Dei tre tærne på føtene er bunden saman med små hudlappar. Baktåa er tapt i denne familien. Eit anna kjenneteikn er store auge, oftast med ein gul iris. Dette er livlege, urolege fuglar med klagande, spoveliknande kall. Dei flyg fort og lågt med raske vengeslag og beina strekt langt bakover. Som ein hovudregel er dei tause under flukta. Dei fleste av artane er aktive i skymringa eller er nattaktive, bakkehekkande fuglar.

Desse fuglane finst i tempererte og tropiske område på jorda. I den vestlege palearktisk regionen er familien representert ved artane triel og flodtriel. Det store utbreiingsområdet av familien omfattar det sørlege og tempererte Europa, frå Kanariøyane i vest austover over Afrika til Tyrkia, med unntak av rein ørken og regnskogområde. Dessutan Midtausten, Sentral-Asia og Sør-Asia, Indokina, dei fleste øyane i Søraust-Asia, Ny-Guinea og Australia. Derimot er Nord-Amerika, New Zealand og Stillehavsøyane ikkje er koloniserte av artar i denne familien.

Trielar lever på tørre og halvtørre savannar, og på steingrunn ved kystar og elvebreidder. Dei finn habitat på dyrka mark berre unntaksvis.

Dietten består i hovudsak av insekt og andre virvellause dyr. Større artar vil også ta øgler og til og med små pattedyr.[1]

Dei fleste artane er standfuglar, men triel er ein sommarmigrant i den tempererte europeiske delen av leveområdet, og overvintrar i Afrika.

Artar

Thumb
Bengaltriel, Burhinus indicus,
Foto: Sumeet Moghe

Trielar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Burhinus

  • Vasstriel, Burhinus vermiculatus, Water Thick-knee, Cabanis, 1868, (LC)
  • Triel, Burhinus oedicnemus, Eurasian Thick-knee, Linné, 1758, (LC)
  • Bengaltriel, Burhinus indicus, Indian Thick-knee, Salvadori, 1865, (LC)
  • Flodtriel, Burhinus senegalensis, Senegal Thick-knee, Swainson, 1837, (LC)
  • Flekktriel, Burhinus capensis, Spotted Thick-knee, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
  • Amerikatriel, Burhinus bistriatus, Double-striped Thick-knee, Wagler, 1829, (LC)
  • Gråtriel, Burhinus superciliaris, Peruvian Thick-knee, Tschudi, 1843, (LC)
  • Styltetriel, Burhinus grallarius, Bush Thick-knee, Latham, 1801, (LC)

Slekt Esacus

  • Krumnebbtriel, Esacus recurvirostris, Great Thick-knee, Cuvier, 1829, (NT)
  • Kysttriel, Esacus magnirostris, Beach Thick-knee, Vieillot, 1818, (NT)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.