Brukar:Pilum/Styrtflaum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein styrtflaum er ein overfløyming av geomorfisk lavtliggande område: Renner, elvar, saltsletter og senkingar i landskapet. Det kan vere forårsaka av kraftig regn i samband med kraftig torevêr, orkan, tropiske stormar, eller smeltevatn som flyt over is eller snø. Styrtflaumar kan òg førekomma etter at ein naturleg eller menneskeskapt demning har kollapsa, noko som til dømes var tilfelle ved flaumen i Johnstown i Pennsylvania i 1889. Styrtflaum er kjenneteikna i kontrast med andre typar flaum ved eit tidsperspektiv på mindre enn seks timar.[1] Den kortvarige overfloda av vatn er ofte nytta som ein kjelde til rask vekst blant enkelte plantar, og av spesielt tilpassa dyreliv.