Torevêr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Torevêr er eit vêrfenomen assosiert med lyn og torebrak danna av ei cumulonimbus sky. I tillegg fører det ofte med seg kraftig regn, hagl og av og til snø, viss det er kaldt nok.
Torevêr kan oppstå over heile verda, men flest torevêr har ein i område med tropiske regnskogar der dei kan oppstå dagleg. Område i Uganda og øya Java i Indonesia har blitt nemnde som dei stadane på jorda med mest torevêr. I tempererte område er dei mest vanlege om våren og sommaren, men kan oppstå kortid som helst på året i samband med kaldfrontar. Det største og mest farlege torevêret oppstår oftast i Midtvesten og dei sørlege statane i USA, der uvêret kan produsere svært store hagl og kraftige tornadoar. Her i Noreg oppstår det oftare torevêr i indre strøk enn ute ved kysten om sommaren på grunn av kraftigare oppvarming av jordoverflata.
Torevêr oppstår når store mengder vassdamp kondenserer til vassdropar og iskrystallar i ein ustabil atmosfære med kraftige vertikale luftrørsler. Dette skjer som regel når tre vilkår er oppfylt: Nok fukt i den lågare atmosfæren (høg doggpunkttemperatur), temperaturen fell raskt med høgda (stor adiabatisk temperaturendring) og ei kraft som mekanisk konvergens langs ein kaldfront eller kraftig konveksjon for å auke dei vertikale luftstraumane.
Om ein veit vassinnhaldet som har kondensert i ei sky, kan ein rekne ut den totale energien i ei toresky. I eit gjennomsnittleg torevêr blir det frigjeve rundt 10 000 000 kilowatt-timar energi, som er om lag like mykje som ei atombombe på 20 000 tonn. Eit kraftig torevêr kan derimot vere 10 til 100 gonger så energirikt.
Torevêr har alltid påverka og gjort inntrykk på menneske. Romarane trudde det var kampar der guden Jupiter kasta lynboltar smidde av guden Vulkan. I norrøn mytologi trudde ein det var Tor som skapte både torerumlinga og lynglimta med bukkekjerra si.