Adiabatisk temperaturendring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Adiabatisk temperaturendring seier kor mykje temperaturen i atmosfæren endrar seg med høgda når vi antar at lufta er adiabatisk. At lufta er adiabatisk betyr at ho ikkje får tilført eller fråtatt varme.
Forholdet mellom endringa av høgda og endringa av temperaturen er gjeve ved ein lapse rate. Generelt kan vi si at ein lapse rate seier kor mykje ein atmosfærisk variabel (vanlegvis temperatur) minkar med høgda. Han er uttrykt som det negative forholdet mellom temperaturendringa og endringa av høgda:
der
- γ = lapse rate er gjeve i grader delt på meter
- T = temperatur
- z = høgda
- 1 og 2 er to forskjellige høgder.