familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Breinebb er ein biologisk familie av små sporvefuglar, Eurylaimidae. Blåstrupebreinebb lever i Afrika sør for Sahara, resten har utbreiing som strekkjer seg frå det austlege Himalaya til Sumatra og Borneo.
Breinebb | |
Blåstrupebreinebb, Pseudocalyptomena graueri Illustrasjon John Gerrard Keulemans, 1909 | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Tyranni |
Familie: | Breinebb Eurylaimidae Lesson, 1831 |
Mange av breinebba er sterkt farga fuglar. Dei varierer mellom 13 og 28 centimeter i lengd og lever i tett, bladfylt, våt skog, slik at dei kan skjule seg trass fargerik fjørdrakt.[1] Nebba er som namnet seier, breie, flate og litt krumma.
Breinebba er for det meste insektetande og kjøttetande. Bytte omfattar insekt, kongroer, skolopendrar og tusenbein, og dessutan øgler og froskar som lever i tre. Dei kan ta byttedyr ved å kaste seg snøgt frå ei grein og snappe det i flukt, og ved å plukke bytte bort frå lauv og greiner. Nokre artar kan ta litt frukt, men berre dei grøne breinebba i slekta Calyptomena og blåstrupebreinebb er primært fruktetarar som òg tar nokre insekt i tillegg. Dei er generelt selskapelege, mange artar flyttar seg i flokkar på rundt 20 individ. Breinebb festar dei pungforma reira sine til greiner, og lèt ein hale av fiber hengje under. Dette gjev inntrykk av at reiret er tilfeldige restar av plantar fanga i treet. Kamuflasjeeffekten blir forbetra ytterlegare ved at fuglane dekkjer reiret med lav og spindelvev[1]. Breinebb legg vanlegvis to til tre egg.
Det har ikkje vore semje om slektene Smithornis og Calyptomena, arten sapayoa og gruppa asitiar fell inn i denne familien. IOC World Bird List, versjon 2.4, tar med begge[2] Etter september 2012 av Clementslista er sapayoa tatt ut til sin eigen familie, asitiar er framleis i sin eigen familie Philepittidae og Smithornis og Calyptomena er sett inn i ein ny familie, Calyptomenidae.[3]
Breinebb i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]
Slekt Cymbirhynchus
Slekt Psarisomus
Slekt Serilophus
Slekt Eurylaimus
Slekt Corydon
Slekt Pseudocalyptomena
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.