Betennelse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Betennelse eller inflammasjon (av latin īnflammō, «eg tenner», «setje fyr på») er ein del av dei komplekse biologiske responsane som blir sett i verk av vaskulære vev for å verne kroppen mot skadeleg stimuli, til dømes frå patogen, øydelagde celler eller irritasjonsmiddel.[1][2]
Betennelse er ein vernande immunrespons som omfattar immunceller, blodårer og molekylære mediatorar. Betennelsen si oppgåve er å eliminere årsakene til celleskade og fjerne nekrotiske celler og øydelagde vev, etterfylgd av vevsreparasjon.
Dei klassiske teikna på akutt betennelse er smerte, varme, raudne, hevelse og funksjonstap.[1] Betennelse er ein generisk respons og er difor rekna som ein mekanisme i det medfødde immunforsvaret, til skilnad frå det tileigna immunforsvaret, som er spesifikt for kvart enkelt patogen.[3]
Betennelse er strengt regulert av kroppen. For lite betennelse kan føre til at vev blir øydelagde, til dømes av bakteriar, og trugar dimed overlevinga til organismen. Kronisk betennelse kan føre til ulike sjukdommar, som til dømes høysnue, tannfestebetennelse, åreforkalking, revmatisk feber og attpåtil kreft (t.d. galleblærekreft). Av desse grunnane er kroppen særskilt grannsam i reguleringa av betennelsesreaksjonar.
Betennelse kan klassifiserast som anten akutt eller kronisk. Akutt betennelse er den tidlege responsen på skadeleg stimuli og skuldast framdrifta av plasma og kvite blodlekamar (særleg granulocyttar) frå blodet mot dei skadde veva. Ein kaskade av biokjemiske skipnadar fremjar og modnar betennelsesreaksjonen, og omfattar mellom anna immunsystemet og ulike celler i det skadde vevet. Vedvarande eller kronisk betennelse fører til ei progressiv forskyving av cellene i betennelsesområdet, og er kjenneteikna av samstundes øydelegging og læking av dei betente veva.
Betennelse er ikkje synonymt med infeksjon. Infeksjon skildrar samhandlinga mellom mikrobiell invasjon og dei følgjande betennelsesreaksjonane i kroppen. Desse komponentane plar å reknast som samanhengande når ein snakkar om infeksjonar, og ordet blir bruka for å implisera at mikrobar har skuld i ein betennelsesreaksjon. Til skilnad blir betennelse spesifikt bruka for å skildre ein vaskulær immunrespons, uavhengig av årsak. Sidan desse orda ofte korrelerar så blir etterstavinga -itt, som visar til betennelse, stundom bruka uformelt for å visa til infeksjon. Uretritt tydar til dømes «urinrøyrsbetennelse», men helsepersonell plar å diskutere uretritt som urinrøyrsinfeksjon fordi mikrobiell invasjon er den vanlegaste årsaka.
Det er likevel viktig å skilje mellom betennelse og infeksjon fordi det finst mange patologiar med betennelse som ikkje skuldast mikrobar. Dømer på dette er aterosklerose, type III hypersensitivitet, traume og iskemi. Det finst òg patologiar der mikrobane ikkje fører til den klassiske betennelsesreaksjonen, som til dømes ved parasittose og eosinofili.