From Wikipedia, the free encyclopedia
Raymond Berry Oakley III (4. april 1948–11. november 1972) var ein USA-amerikansk bassist og ein av dei opphavlege medlemmane i The Allman Brothers Band. Han vart rangert på 46. plassen på lista til magasinet Bass Player over dei 100 beste bassistane gjennom tidene.[1]
Berry Oakley | |||
| |||
Fødd | 4. april 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago | ||
Død | 11. november 1972 (24 år) | ||
Dødsstad | Macon i Georgia i USA | ||
Fødenamn | Raymond Berry Oakley, III | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964–1972 | ||
Sjanger | Rock, southern rock | ||
Instrument | bassgitar, gitar, vokal | ||
Tilknytte artistar | The Allman Brothers Band | ||
Plateselskap | Mercury Records | ||
Verka som | Musikar |
Oakley var fødd i Chicago i Illinois, og voks opp i forstaden Park Forest i Illinois,[2] før han flytta til Florida, der han møtte og vart med i bandet til Dickey Betts, The Second Coming. Han var med å starte The Allman Brothers Band i 1969, i lag med gitaristane Duane Allman og Betts, songaren og klaverspelaren Gregg Allman, og trommeslagarane og perkusjonistane Butch Trucks og Jai Johanny «Jaimoe» Johanson.
Oakley var kjend for lange, melodiske bassløp som danna ei pulserande stamme under gitarsoloane og jammane til Allman og Betts. «In Memory of Elizabeth Reed», «Mountain Jam» og «Whipping Post» frå konsertalbumet At Fillmore East fangar Oakley på sitt beste. Då Duane Allman døydde i ei motorsykkelulukke den 29. oktober 1971, var Oakley heilt knust. Kring eit år seinare omkom Oakely sjølv i ei motorsykkelulukke, berre tre kvartal frå er Allman hadde omkomme. Oakley krasja med ein buss, men ønskte å dra heim i staden for til legen. Tre timar seinare vart han i store smerter køyrt til sjukehuset der han døydde av kraniebrot.[3] Han var 24 år då han døydde, like gammal som Allman.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.