From Wikipedia, the free encyclopedia
Brothers and Sisters er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Det vart produsert av Johnny Sandlin i lag med det bandet og kom ut i august 1973 i USA på Capricorn Records. Etter at leiaren for gruppa, Duane Allman, omkom i 1971, hadde The Allman Brothers Band gjeve ut Eat a Peach (1972), ei blanding av studio- og konsertopptak som vart det mest populære albumet deira til då. Etter dette kjøpte gruppa ein gard i Juliette i Georgia, der gruppa pleidde «å henge». Bassisten Berry Oakley sleit meir enn dei andre i bandet etter Duane døydde. Han drakk store mengder alkohol og tok mykje dop. Etter nesten eitt år med alvorleg depresjon, omkom Oakley i ei motorsykkelulukke i november 1972, berre tre kvartal frå staden der venen hadde døydd året før. Dette vart derfor det siste albumet til Oakley.
Brothers and Sisters Studioalbum av The Allman Brothers Band | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1973 | |
Innspelt | Oktober-desember 1972 Capricorn Sound Studios (Macon) | |
Sjanger | ||
Lengd | 38:21 | |
Selskap | Capricorn | |
Produsent | Johnny Sandlin, The Allman Brothers Band | |
The Allman Brothers Band-kronologi | ||
---|---|---|
Beginnings (1973) |
Brothers and Sisters | Win, Lose or Draw (1975)
|
Singlar frå Brothers and Sisters | ||
|
Bandet fortsette og henta inn Chuck Leavell på piano og Lamar Williams på bass. Brothers and Sisters vart stort sett spelt inn over ein periode på tre månader i Capricorn Sound Studios i Macon i Georgia. Sologitaristen Dickey Betts tok over rolla som leiaren i bandet, og mange av songane hans hadde ein meir country-inspirert til. Studiogitaristane Les Dudek og Tommy Talton var med på fleire songar. Albumet vart produsert samstundes med at vokalisten og organisten Gregg Allman spelte inn det første soloalbumet sitt, Laid Back, og består av mange av dei same musikarane og lydteknikarane.
Plateomslaget syner eit fotografi teken av Vaylor Trucks, sonen til trommeslagaren Butch Trucks og kona Linda. På baksida kan ein sjå eit bilete av Brittany Oakley, dottera til Berry Oakley og kona Linda.
Albumet vart det kommersielle høgdepunktet til The Allmans, og har seld over sju millionar eksemplar verda over. Det gjekk heilt til topps på Top 200 Pop Albums, der det låg i fem veker. «Ramblin' Man» vart den første og einaste hitsingelen til bandet, og han nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i 1973. Albumet vart etterfølgd av ein turné på arenaer og stadion, men vart prega av dopmisbruk, uvenskap og dårleg kommunikasjon mellom gruppemedlemmane.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Personell | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Wasted Words» | Gregg Allman | Personell:
| 4:20 |
2. | «Ramblin' Man» | Dickey Betts | 4:48 | |
3. | «Come and Go Blues» | Allman | Personell:
| 4:54 |
4. | «Jelly Jelly» |
| Personell:
| 5:46 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Personell | Lengd |
---|---|---|---|---|
5. | «Southbound» | Betts | Personell:
| 5:11 |
6. | «Jessica» | Betts | Personell:
| 7:31 |
7. | «Pony Boy» | Betts | Personell:
| 5:51 |
All info frå plateosmlaget.[4]
|
|
Vekeslister
|
Salstrofé
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.