From Wikipedia, the free encyclopedia
Barnefødsel er ein fødsel hjå menneske. Han markerer slutten av eit svangerskap og byrjinga av barseltida. Den gjennomsnittlege tida på eit svangerskap er 283, rekna frå første dag av den siste menstruasjonen før svangerskapet. Ein fødsel kan likevel vera til termin om han føregår mellom veke 37 og veke 42 av svangerskapet.[1]
Ein fødsel kan føregå gjennom skjeden med eller utan hjelpemiddel, eller gjennom eit kirurgisk inngrep kalla keisarsnitt. Den vanlegaste forma av gjennom skjeden (vagina).[2] Denne har tre fasar: Livmorhalsen blir forkorta og utvida, barnet går gjennom fødselskanalen og blir fødd, og morkaka kjem ut.[3] Første stadium tek typisk 12-19 timar, andre stadium typisk 20 minutt til to timar, og tredje stadium 5-30 minutt.[4]
Første fase av ein fødsel byrjer gjerne med magekramper eller ryggsmerter som varer rundt eit halvt minutt og opptrer kvart 10. til 30. minutt.[3] Kjenslene auker i styrke og kjem tettare saman over tid.[4] Når fødselsriene byrjer kan det førekoma ei «teikningsbløding», litt slim med blod i seg slim som kjem frå livmorproppen og løysna fosterhinner. Fostervatnet kan også renna ut («vatnet går») før riene er heilt i gang.[1]
I det andre stadiet eller utdrivingsfasen blir fosteret ført nedover i fødselskanalen av veene eller riene, og den fødande kan trykka.[4] Etter at barnet blir fødd er det framleis forbunde til mora gjennom navlestrengen. Denne blir etter kvart skoren av.
Deretter byrjar etterbyrdfasen. I denne fasen blir morkaka (placenta) født. Livmoren vil byrja å trekka seg saman etter fødselen, og morkaka løsnar. Morkaka vil bli pressa nedover mot livmoropninga.
Ein fødsel set både mor og barn i ei utsett stilling. Barselkvinner liker gjerne selskap under førstedelen av ein fødsel, og ro under andre. Kunnskap om og ei kjensle av kontroll over det som skjer kan òg letta fødselen.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.