Bardsey Island
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bardsey Island (walisisk Ynys Enlli, 'øya i straumane'[1]) er ei øy som ligg 3 km utanfor Llŷnhalvøya i området Gwynedd i Wales.[2] Ho er 400 meter brei og 1,6 km lang. Nordaustsida av øya stig bratt opp frå sjøen til ei høgd på 167 meter over havet ved Mynydd Enlli,[3] medan vestsida er låg og relativt flatt oppdyrka jordbruksland.[4] Sidan 1974 har øya høyrt til Aberdaron.[5]
Bardsey Island Lokalt namn Ynys Enlli | |
---|---|
Bardsey Island sett frå Mynydd Mawr | |
Geografi | |
Stad | Irskesjøen |
Koordinatar | 52.76107°N 4.78469°W / 52.76107; -4.78469
|
Høgaste punkt | Mynydd Enlli (167 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Wales |
Hovudområde | Gwynedd
|
Øya har vore ein viktig religiøs stad sidan den heilage Cadfan bygde eit kloster her i 516.[6] I mellomalderen var det eit stort pilegrimssenter og frå 1212 høyrte det til dei augustinske Canons Regular.[7] Klosteret vart øydelagd av Henrik VIII i 1537,[8] men øya har heldt fram som pilegrimsmål heilt fram til våre dagar.[8]
Bardsey Island er i dag kjend for dyrelivet og det kuperte landskapet. Det vart oppretta eit fugleobservatorium her i 1953, hovudsakleg fordi øya ligg midt i trekkfuglruta.[9] Her finn ein viktige fuglar i Europa, som havlire og alpekråke, samt sjeldne planter og habitat som ikkje er øydelagde av moderne jordbruk.[10] Det er ein av dei beste stadane i Gwynedd for å sjå gråsel; og farvatnet rundt øya trekkjer til seg delfinar og niser.[9]
Andelegdomen og heilagdomen ved øya, den relativt aude plasseringa og at ho i følgje segna er gravstaden til kong Arthur, har gjort at ho har ein spesiell plass i kulturlivet i Wales. Ho har trekt til seg mange kunstnarar, forfattarar og musikarar.[11] Ho har inspirert til prisvinnande litteratur[12] og trekt til seg internasjonal kjende songarar.[13]