Kong Arthur var ein legendarisk britisk leiar som ifølgje mellomalderhistorie og romanar leia forsvaret av det romersk-keltiske England mot åtak frå saksarane på byrjinga av 500-talet. Detaljane i Arthur-soga er hovudsakleg sett samen av folklore og diktarisk fantasi, og den historiske eksistensen hans er blitt debattert og omstridd av moderne historikarar. Bakgrunnen for historiene er henta frå ulike kjelder, som Annales Cambriae, Historia Brittonum og Gildas sitt De Excidio et Conquestu Britanniae. Arthur er òg omtalt i diktet Y Gododdin.
Kong Arthur | |||
| |||
Død | Camelon | ||
---|---|---|---|
Tittel | keisar | ||
Opptrer i | Historia Regum Britanniae, Le Morte d'Arthur, Excalibur – kongens sverd, Camelot, Iwein, Unidentified Flying Oddball | ||
Land | Camelot | ||
Mor | Igraine | ||
Far | Uther Pendragon | ||
Ektefelle | Guinevere | ||
Barn | Llacheu, Amhar, Mordred, Lohot |
Den legendariske Arthur blei i stor grad utvikla frå Geoffrey av Monmouth sitt fantasifulle historieverk Historia Regum Britanniae frå det 1100-talet (avslutta i 1138). Nokre walisiske og bretonske forteljingar og dikt viser Arthur som ein stor krigar som forsvarte landet mot overnaturlege fiendar, andre som trollmann; av og til forbunden med den walisiske Annwn. Kor mykje Geoffrey sin Historia var tilpassa frå eldre kjelder, og kva han sjølv fann på, er uvisst.
Tema og hendingar i Arthur-legenda varierer mykje frå tekst til tekst. Det finst inga kanonisk utgåve, sjølv om Geoffrey sin versjon ofte ligg til grunn for seinare historier.
Geoffrey viser Arthur som ein konge av Storbritannia som overvann saksarane og herska over Storbritannia, Irland, Island, Noreg og Gallia.
I dei franske historiene blir fokus ofte endra frå Arthur til ulike riddarar av det runde bordet. Arthur-litteraturen bløma i mellomalderen, men falma i dei neste hundreåra, før han blei teken opp att på 1800-talet. På midten av hundreåret tok Richard Wagner historiene til inspirasjon til operaene sine Parsifal og Tristan (og Isolde). Soga har inspirert biletkunst, teater, film, tv, teikneseriar og andre medium i tillegg til litteratur.
Kring Arthur voks det fram ein segnkrins med m.a. rådgjevaren hans, trollmannen Merlin, sverdet Excalibur, heksa Morgan le Fay (òg kjend som Morgana) og ridderordenen hans, riddarane av det runde bordet, som samla på kongsslottet Camelot.
På 1100-talet blei det skriv ned fleire versjonar i Frankrike og Tyskland med hovudvekt på den siste tida til Arthur, riddarane sin leit etter den heilage gralen, og romansen mellom riddaren Lancelot og dronning Guinevere.
Persongalleriet er omfangsrikt, og av andre riddarar kan ein nemna Parsival, Tristan, Gawain, Galahad, Bors, Ector, Gaheris, Gareth, Lamorak, Sir Lionel, Bedivere, Mordred (son av Arthur og halvsystera hans, Morgause) og Pellinore.
Arthur møtte enden sin i kamp mot den uekte sonen sin Mordred; han blei dødeleg såra og blei sigla til den mytiske øya Avalon, der han blir lækja og lagt til kvile for at han ein dag skulle reisa seg igjen når Albion (dei britiske øyane) har bruk for han.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.