![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/aa/UGM-27C_Polaris_A3_launch.jpg/640px-UGM-27C_Polaris_A3_launch.jpg&w=640&q=50)
Ballistisk missil
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ballistisk missil (også kalla «ballistisk rakett») er eit missil som følgjer ei ballistisk bane på delar av strekninga mot målet sitt.[1] Til forskjell frå kryssarmissil styrer ein ballistiske missil berre i korte delar av ferda, medan banen det tek stort sett blir fastsett av tyngdekrafta og luftmotstanden i atmosfæren. Ein kort ballistisk bane er ein tilnærma parabel, medan ferder over lengre avstandar blir ein del av ein ellipse.[1]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/aa/UGM-27C_Polaris_A3_launch.jpg/640px-UGM-27C_Polaris_A3_launch.jpg)
Langdistanse interkontinentale ballistiske missil (ICBM) blir skotne nesten rett oppover og går inn i ein suborbital bane (ut av jordatmosfæren). Kortdisansemissil blir verande i atmosfæren. Ein skil gjerne mellom strategiske missil, som er langdistansemissil og kan oppnå særs stor fart når dei nærmer seg målet, og taktiske missil, som har kortare rekkevidde og mindre fart, men oftare blir brukt i strid.[2]
Ballistiske missil er ofte utstyrt med stridshovud som kan innehalda eksplosiv, atomvåpen eller andre masseøydeleggingsvåpen. Mellom- og langdistansemissil har som regel nukleære stridshovud.