Balbina Steffenone
italiensk songar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Balbina Steffenone (namna også skrivne Bina og Steffanon eller Steffenoni, 1825–1896) var ein italiensk sopran på 1800-talet.
Balbina Steffenone | |||
| |||
Fødd | mars 1808 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Casale Monferrato | ||
Død | 1896 | ||
Dødsstad | Napoli | ||
Opphav | Kongedømet Italia | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | sopran | ||
Verka som | operasongar |
Ho var fødd i Torino,[1] og studerte i Bologna under Teresa Bertinotti.[2] Etter å ha sunge fleire stader i Italia, var ho ved Royal Opera House og Covent Garden i London frå 1845 til 1847, og drog deretter til Nord-Amerika, der ho blei verande i sju år.[2] Ho opptredde frå Boston til Mexico by og Havana,[2] og var hovudsongar i selskapet til Giovanni Bottesini kring 1850.[3] Med han var ho involvert i den andre framføringa av den meksikanske nasjonalsongen i september 1854.
Ho song i den amerikanske premieren av Il trovatore ved Academy of Music i New York, og delte rollene til Leonora og Ines i denne produksjonen.[2][4] Då ho kom tilbake frå Cuba i 1855 spelte ho Lucrezia Borgia i operaen med same namn, og blei kalla «ein av dei få som er verdt å velkoma igjen» i New York Times; men meldaren Richard Grant White skreiv at røysta hennar hadde forverra seg til «eit forvirra skrik».[5]
Ho fortsette karrieren i Europa, og var i Wien i 1859 og Napoli i 1860-61, der ho skapte Morosina av Errico Petrella.[2] Ho skal ha pensjonert seg i 1862,[2] men tok òg del i premieren av Vincenzo Battista sin Giovanna di Castiglia på Teatro San Carlo i Napoli i 1863.[6]
Ho døydde i Napoli i 1896.[1]