From Wikipedia, the free encyclopedia
Ayutthaya (Changwat Phra Nakhon Si Ayutthaya) er eit fylke i det sentrale Thailand. Det ligg omtrent to mil nord for Bangkok og enda nærare storbyområdet som Bangkok er ein del av.
Ayutthaya-fylket | |||
fylke | |||
Land | Thailand | ||
---|---|---|---|
Areal | 2 556,64 km² | ||
Folketal | 803 599 (31. desember 2014)[1] | ||
Ayutthaya-fylket 14.349444444444°N 100.55944444444°E | |||
Ayutthaya markert med raudt.
| |||
Wikimedia Commons: Phra Nakhon Si Ayutthaya Province | |||
Arealet er 2 556,6 km². I 2014 var det 803 599 innbyggjarar i fylket.
Fylkeshovudstad er den gamle kongebyen Ayutthaya, tidlegare hovudstaden i Siam. Andre byar inkluderer Bang Pa In lengre sør, også denne med eit gammalt kongepalass.
Byen Ayutthaya vart grunnlagd kring 1350,[2] og vart hovudstaden til kong U-thong[3] (d. 1369), den fyrste herskaren av Kongedømet Ayutthaya.
I 1767 fall hovudstaden etter å ha vore kringsett av burmesarane i 14 månader, og vart brunnen ned.[4]:218
Området har jordbruk med dyrking av ris, sukker, bananar og mais.
Jordbruksområda ligg mellom anna langs elveleia til dei store elvene Chao Phraya og sideelvene til denne, Lopburi-elva og Pa Sak-elva.
Fylket har turisme relatert til fornminne frå Ayutthaya-kongeriket og elles.
|
|
Ayutthaya grensar til Lop Buri, Saraburi, Nonthaburi, Pathum Thani, Nakhon Pathom, Suphan Buri og Ang Thong.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.