Axel Thue
norsk matematikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Axel Thue (fødd 19. februar 1863 i Tønsberg, død 7. mars 1922) var ein norsk matematikar, som framfor alt er kjend for bidraga sine innanfor kombinatorikk.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Axel Thue | |||
![]() | |||
Fødd | 19. februar 1863 Tønsberg | ||
---|---|---|---|
Død | 7. mars 1922 Christiania | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | talteori, matematikk, følgje | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Doktorgradsrettleiar | Elling Bolt Holst | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Lukk
Han tok hovudfag i 1889 og i 1903 vart han professor i anvendt matematikk ved Universitetet i Oslo. Arbeida til Thue var utprega originale, og særleg viktige er resultata hans om rasjonale tilnærmingar til algebraiske tal, mellom anna den thueske satsen, som seiar at visse ubestemte likningar i to variable berre kan ha ei endeleg mengd heiltalsløysingar. Andre arbeid han gjorde har seinare vorte viktig i samband med matematisk logikk.