Auguste Antoine Piccard (28. januar 188424. mars 1962) var ein sveitsisk forskar og oppfinnar. I 1953 konstruerte han batyskaf, eit undervassfartøy som sonen hans, nokre år seinare, skulle bruke til å dykke til botnen av Marianegropa med.[1] Tidlegare dreiv han meteorologiske observasjonar ved hjelp av sine mange ballongferder.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Auguste Piccard
Thumb
FøddAuguste Antoine Piccard
28. januar 1884
Basel, Sveits
Død24. mars 1962 (78 år)
Lausanne, Sveits
NasjonalitetSveitsisk
Områdefysikk, oseanografi
YrkeForskar
Alma materEidgenössische Technische Hochschule Zürich
Universitetet i Basel
BarnJacques Piccard
Lukk

Piccard utdanna seg ved det føderale instituttet for teknologi i Zürich og vart fysikar ved Det frie universitetet i Brussel i 1922. I 1930 konstruerte han aluminiumgondolen som tok av frå Augsburg i Tyskland 27. mai 1931 og brakte han og Paul Kipfer opp til 15 781 meters høgd i atmosfæren for å måle kosmisk stråling. Den 18. august 1932 nådde Piccard og Max Cosyns 16 940 meter frå Dübendorf i Sveits. Piccard gjennomførte 27 ballongferder, helt opp til 23 000 meter. Etter andre verdskrig byrja han med djupdykking. I 1953 gjekk han ned til 3150 meter med gondolen Bathyscaphe Trieste.

Piccard sine ballongferder har vore særs viktig for meteorologifaget.[2] Han var professor i fysikk og meteorologi, og det var interessa for kosmisk stråling som brakte han opp i stratosfæren.[2] Piccard var eit multitalent og engasjerte seg seinare i havforsking. Erfaringane frå ballongferda brukte han no til å dykke ned i havdjupet.[2]

Han var far til forskaren Jacques Piccard og tvillingbror til kjemikaren Jean Piccard.

Piccard i populærkulturen

Piccard var inspirasjonskjelde for figuren Professor Calculus (i Noreg kjent under namnet Professor Tryphon Tournesol), som er ein av gjennomgangsfigurane i den belgiske teikneserien Tintin.[3] Han var òg inspirasjonskjelde (saman med tvillingbroren) for Star Trek-figuren Jean-Luc Picard.[4][5]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.