Asyut
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Asyut er ein by i midtre Egypt. Han er hovudbyen i Asyut guvernement og har rundt 390 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Nilen, midtvegs mellom Aswan og Kairo, og er eit viktig senter for handel og industri. Asyut har høgast del koptiske innbyggjarar av dei egyptiske byane.
zawty med hieroglyfar |
Byen blei kalla Zawty i det gamle Egypt og var eit lokalt administrasjonssenter. Staden blei omtalt som Syut rundt 2100 f.Kr. Grekarane kalla han Lykopolis, 'Ulvebyen', truleg på grunn av dyrking av gudar med ulvetilknyting. Anubis, som ofte blei framstil med sjakalhovud, og Wepwawet, ofte framstilt som ein ulv, blei dyrka her.
Asyut-demninga nord for byen blei bygd som den første over Nilen i 1902. Han blei teikna av den britiske ingeniøren William Willcocks, som også stod bak den første Aswandemninga.
Universitetet i Asyut blei grunnlagd i 1957 og er eit av dei største universiteta i Egypt utanfor Kairo.
Asyut lufthamn har avgangar til fleire gulfstatar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.