Arne Torp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arne Torp (fødd 14. oktober 1942 i Holt i Tvedestrand) er ein norsk professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske og nordiske studie ved Universitetet i Oslo.
Arne Torp | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. oktober 1942 (81 år) Holt kommune |
Yrke | lingvist, universitetslærar |
Born | Ane Dahl Torp |
Arne Torp har skrive fleire lærebøker, både for universitets- og høgskulesektoren og for vidaregåande skule. Arne Torp var i fleire år medlem av Norsk Språkråd og har delteke i ei rekkje radio- og fjernsynsprogram, m.a. i Typisk norsk på NRK. På heimesida si har han også laga videosnuttar av seg sjølv der han framfører gamle kvad og heltedikt på norrønt og urnordisk.[1]
I 2008 deltok Arne Torp i ein serie med radioreklamar for daglegvarekjeda Joker, der han gissar kvar dei ulike butikkane ligg, etter å ha høyrt dialektane til dei lokale butikkmedarbeidarane som les opp vekas tilbod.
Arne Torp var leiar i Landslaget for språklig samling (LSS) frå 1989 til 1993. Fra 1993 til 2003 var han redaktør av bladet Språklig samling.
Arne Torp er far til skodespelarinna Ane Dahl Torp.