Typisk norsk er eit magasinprogram om språk og kommunikasjon produsert av Dropout Productions (sesong 2004 og 2005) og Rubicon TV (sesong 2006) for NRK.
Programmet vann Gullruta i 2005 for Beste kultur- eller magasinprogram og Beste mannlege programleiar samt Den Store Journalistprisen i 2006.
Programmet har fått mykje merksemd og blir mellom anna brukt i norskundervising.
Typisk norsk blir presentert av Petter Schjerven, som mellom anna intervjuar språkforskarar, tek opp problemstillingar rundt det norske språket, og leiter opp interessante språktrekk.
Typisk norsk har blant anna teke opp:
- Særskriving eller orddeling
- Slang
- Korleis norsk høyrest ut for innvandrarar
- Dialektar
- Norsk i høve til dansk og svensk
- Korleis me fekk taleevne
- Mindre bruk av kj-lyden, bokstaven kjell
- Skarre-r
I programmet vart sjåarane også inviterte til å foreslå og deretter stemme fram eit norsk nasjonalord. Dugnad vann knepe framfor jah (på innpust), matpakke, hæ og koselig.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.