From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein antarktisk oase er eit stort område som er naturleg fritt for snø og is på det elles isdekte kontinentet i Antarktis.
I Antarktis er det i tillegg til fjelltoppar og nunatakar, andre naturlege snø- og isfrie område som ofte vert kalla «antarktiske oasar» eller «tørrdalar».[1][2] Desse områda er omgjeve av den antarktiske innlandsisen eller i kystområde som ligg mellom innlandsisen og isbremmane.
Antarktis oasar og tørrdalar oppstår i område med visse regionale vêrmønster og geografi. Desse områda har særs låg luftfukt og særs lite nedbør. Sjølv om områda er særs kalde, får dei nok solenergi til at bakken smeltar det vesle av snø som fell i området, eller snøen vert blese bort av dei katabatiske vindane.
Trass i ekstremt tørre tilhøve, veks det somme plantar, i form av mosar og lav i somme antarktiske oasar.
Dei største oasane er:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.