![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/03/Anna_Hvoslef_%2528cropped%2529.jpg/640px-Anna_Hvoslef_%2528cropped%2529.jpg&w=640&q=50)
Anna Hvoslef
norsk journalist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Anna Hvoslef (5. oktober 1866–11. mars 1954) var ein av dei fyrste kvinnelege journalistane i Noreg, og den fyrste i Aftenposten, der ho arbeidde frå 1897 til 1935. Som journalist i Aftenposten arbeidde ho hovudsakleg med litteraturjournalistikken. Ho gav også ut reiseskildringar frå reiser i Europa og Amerika.
Kjappe fakta
Anna Hvoslef | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. oktober 1866 Larvik |
Død | |
Yrke | journalist |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Johan Christian Georg Hvoslef |
Anna Hvoslef på Commons |
Lukk
Hvoslef var aktiv i ei rekkje presseorganisasjonar, og var den fyrste kvinnelege medlemmen av Den Konservative Presses Forening. Ho var den einaste kvinnelege delegaten på det 2. nordiske pressemøtet i København i 1902. Anna Hvoslef var formann for Norsk Kvinnesaksforening frå 1930 til 1935.[1]
Anna Hvoslef var dotter av amtmannen Johan Christian Georg Hvoslef.