Anna Akhmatova
russisk skribent og poet / From Wikipedia, the free encyclopedia
Anna Akhmatova (23. juni 1889–5. mars 1966) var psevdonym for Anna Andrejevna Gorenko, ein russisk lyrikar, omsetjar og litteraturvitar som vart kjend for sin melankolske og politiske lyrikk i åra før oktoberrevolusjonen i 1917.
Anna Akhmatova | |
Kusma Petrov-Vodkin:Portrett av Anna Akhmatova, 1922 | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Fødd | 23. juni 1889 (jul. 11. juni) Odesa |
Død |
5. mars 1966 (76 år) |
Yrke | skribent, omsetjar, litteraturkritikar, lyrikar, forfattar, litteraturvitar |
Språk | russisk |
Sjanger | dikt |
Religion | ortodoks |
Far | Andrey Gorenko |
Mor | Inna Erasmovna Stogova |
Ektefelle | Nikolaj Gumiljov, Vladimir Sjilejko, Nikolay Punin |
Born | Lev Gumiljov |
Anna Akhmatova på Commons |
Akhmatova er rekna som ein av dei viktigaste personane i russisk litteratur på 1900-talet. I 1965 var ho nominert til Nobelprisen i litteratur. Ho vann Taormina-prisen i 1964 og vart æresdoktor ved universitetet i Oxford i 1965.[1]
Anna Akhmatova hadde sjølv eit vanskeleg liv. Ho gjennomlevde den russiske revolusjonen og under andre verdskrigen kringsetjinga av Leningrad. Den første ektemannen hennar, Nikolaj Gumiljov, vart avretta i 1921; den tredje ektemannen, Nikolaj Punin, vart arrestert fleire gonger og døydde i ein fangeleir i 1953, og den einaste sonen hennar, Lev Gumiljov, hadde ei rekkje fengselsopphald frå 1930- til 1950-talet. Akhmatova uttrykte sorga som hustru og mor i eit av dei viktigaste dikta sine – Rekviem. Sjølv vart ho overvaka og sensurert. Mange av verka hennar vart ikkje gjevne ut i Sovjetunionen medan ho levde, men først over tjue år etter at ho døydde.