Gammalengelsk
vestgermansk språk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gammalengelsk eller angelsaksisk er ei tidleg form av engelsk som blei brukt av angelsaksarar i tida før 1100. Det er eit vestgermansk språk med opphav i fleire nærskylde målføre, hovudsakleg språka som vart brukte av saksarane og anglarane i Nord-Tyskland og Sør-Jylland. Gammalengelsk ligg mellom anna nært opptil gammalsaksisk, og er nærskyld med nedertysk og frisisk. Det har òg mange likskapar med norrønt språk (og til ein viss grad moderne islandsk).
Gammalengelsk angelsaksisk (Ænglisc, Anglisc, Englisc) | ||
Klassifisering: | Indo-europeisk Germansk Vestgermansk Gammalsaksisk (gammalnedertysk) Gammalengelsk | |
Bruk | ||
Var tala i: | England, Skottland, Wales | |
Skriftsystem: | den angelsaksiske futharken, det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | ang | |
Wikipedia på gammalengelsk |
Morfologisk skil gammalengelsk seg mykje frå moderne engelsk. Det har fem kasus, nominativ, dativ, akkusativ, genitiv og instrumentalis, og tre kjønn, hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn. Ordtilfanget var hovudsakleg av germansk opphav. Gammalengelsk tok opp i seg få element av keltiske språk, men vart sterkt påverka av skrift- og kyrkjespråket latin. Seinare vart språket òg påverka av danske og norske innvandrarar i område som Danelagen i Nord-England.
Gammalengelsk utvikla seg jamt på dei rundt 700 åra det var i bruk, frå rundt 450 til etter normannarinvasjonen i 1066. Språket i den påfølgjande perioden, fram til moderne engelsk, blir kalla mellomengelsk.