From Wikipedia, the free encyclopedia
Ana Soklič (fødd 10. april 1984) er ein slovensk songar og låtskrivar. I 2019 vann ho to prisar under den slovenske musikkfestivalen Slovenska popevka, og i 2020 vann ho musikktevlinga EMA med songen «Voda». Gjennom sigeren skulle Soklič ha representert Slovenia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Soklič fekk i staden representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Amen».[2]
Ana Soklič | |||
| |||
Fødd | 10. april 1984 (40 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bohinj Kommune | ||
Opphav | Slovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia | ||
Aktiv | 2004– | ||
Sjanger | pop | ||
Verka som | låtskrivar, songar |
Soklič er fødd i 1984 i Savica i nordvestre Slovenia.[3] Ho dreiv med musikk sidan starten av tenåra og aktivt frå ho var 17 år gammal.[4] Ho studerte opera solosong med den slovenske sopranen Alenka Dernač Bunta, og tok seinare songtimar med songaren Darja Švajger og songpedagogen Natasa Nahtigal.[5] I 2012 deltok Soklič i X Factor Slovenija, der ho enda på femteplass.[3]
Soklič har sunge med Harlem Gospel Choir, og ho har turnert i Slovenia og dessutan byar over heile Europa, blant anna Berlin, München, Milano, Stockholm, Wien og Zagreb. Ho har òg delteke i fleire musikktevlingar, blant anna musikkfestivalen Slovenska popevka. Soklič vart for alvor kjent i Slovenia då ho deltok i songtevlinga EMA.[4] I 2019 vann ho to prisar under Slovenska popevka, i klassane «beste opptreden» og «beste song».
I 2020 vann Soklič EMA med songen «Voda», som ho hadde skrive sjølv saman med Bojan Simončič.[6] Songen fekk 54 prosent av røystane i den avgjerande duellen.[7] Med sigeren i EMA skulle Soklič ha representert Slovenia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[8] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest.[9] I staden kunngjorde den slovenske kringkastaren RTVSLO at Soklič skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021.[2] Ho deltek med songen «Amen».
Soklič syng innan sjangrar som blues, soul, gospel, jazz og pop, og ho er inspirert av artistar som Aretha Franklin, Joni Mitchell, Ray Charles, Annie Lennox, Nina Simone og Tina Turner.[4][5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.