From Wikipedia, the free encyclopedia
Alès er ein by og kommune sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Gard i regionen Languedoc-Roussillon og har om lag 40 000 innbyggjarar. Han vart tidlegare kalla Alais.
Alès | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Languedoc-Roussillon Gard |
Geografi | |
Flatevidd | 23,16 km² |
Flatevidd - By |
23,16 km² |
Innbyggjarar - By (2000) - folketettleik |
41 054 1 700/km² |
Koordinatar | 44°08′N 04°54′E |
Høgd over havet | 150 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 30100 |
Heimeside: www.ville-ales.fr |
Alès ligg 40 km nordvest for Nîmes ved den venstre breidda til elva Gardon, som delvis omringar byen. Byen ligg òg ved foten av Cevennane nær nasjonalparken Parc National des Cévennes.
På 1500-talet var Alès ein viktig by for hugenottar. I 1629 tok Louis XIII byen og med Freden i Alais gav hugenottane opp rettane sine til places de sûreté (garnisonsbyar) og andre privilegium. Eit bispedøme vart oppretta her i 1694, men det vart avskaffa i 1790 i samband med den franske revolusjonen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.