From Wikipedia, the free encyclopedia
Alta-Kautokeino-vassdraget er ei elv i Finnmark fylke som startar på Finnmarksvidda ved grensa til Finland og fylkesgrensa mot Troms, og renn ut i Altafjorden. Elva er 229 km lang og har eit nedslagsfelt på 8963 km². Elva er med dette den 11. lengste i landet og den tredje lengste i Finnmark. Når ein ser på nedslagsfelt er elva den sjuande største i Noreg og framleis den tredje største i Finnmark.[1] Elva renn igjennom Kautokeino kommune og Alta kommune. Øvre del av elva ned til Alta Kraftverk heiter Kautokeinoelva og nedre del heiter Altaelva.
Alta-Kautokeinovassdraget | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommunar | Alta, Kautokeino | ||
Nedslagsfelt | 8 963 km² | ||
Renn gjennom | Kautokeino, Alta | ||
Sideelvar | Eibyelva, Gargiaelva, Mázejohka, Lahpojohka, Čábardasjohka, Siebejohka, Bizejohka, Luhppojohka, Hávgajohka | ||
Lengd | 229 km | ||
Middelvassføring | 101 m³/s | ||
Kjelde | Bajit Vuohcetjávri | ||
• høgd | 440 moh. | ||
Munning | Altafjorden | ||
Elva vart kjend under utbygginga av Alta Kraftverk, og demonstrasjonane mot utbygginga i åra 1979-1981.
I vassdraget er det to kraftverk, Alta kraftverk som er eigd av Statkraft SF og Čábardasjohka kraftverk som er eigd av Nord-Troms Kraftlag AL. Grunnvatnet frå vassdraget blir brukt til drikkevatnsuttak fleire stader. Største vassverk er Alta vannverk som pumpar ut grunnvatn til bruk i Alta by. Det vert drive med fiske i heile vassdraget. Vassdraget blir òg nytta som transportåre med båt, primært til privat bruk, men òg noko turisttrafikk.
Dei delane som ikkje er utbygd, er verna mot utbygging i følgje verneplan II for vassdrag.
Det finst to naturreservat i nedbørsområdet til vassdraget, og det er Goskamark naturreservat i Alta kommune og Máze naturreservat i Guovdageaidnu/Kautokeino kommune. Fleire område er foreslått verna.
Det er lite busetnad langs elva sidan ho stort sett renn på Finnmarksvidda. Hovudtyngda av busetnad i nedbørsfeltet finst i området rundt Alta. Det bur om lag 7000-8000 menneske i nedbørsfeltet til vassdraget.[2]
Tettstader ved vassdraget:
johka = elv på samisk
Nedanfor Alta Kraftverk er i tillegg desse sortane:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.