From Wikipedia, the free encyclopedia
Allahu akbar (ar. الله أكبر) er eit arabisk uttrykk som tyder ‘Gud er størst/større’ men blir ofte omsett til ‘Gud er stor’. Frasen blir kalla takbir på arabisk. Han er eit viktig muslimsk uttrykk og symbol som blir brukt i formelle og uformelle situasjonar.
«Allahu akbar» blir sagt av muslimar før bøner og av muezzinane i bønerop. Det er også ei utsegn som kan brukast i samband det talaren reknar som gode eller dårlege hendingar, til dømes krig, terrorhandlingar,[1] ulukker[2] eller avverging av ulukker,[3] ved opptredenar[4] eller idrettshendingar som fotballkampar[5]. Samstundes vakter strenge muslimar seg for å seia omgrepet ein urein stad, som på do eller ved ei søppelfylling.[4]
Omgrepet blir ofte utført i arabisk kalligrafi og har vore brukt på ei rekkje flagg gjennom tidene. I dag (2011) finst det på det afghanske, det irakiske og det iranske flagget. Under Den iranske revolusjonen i 1979 var «Allahu akbar» eit viktig protestsymbol som blei ropt frå hustaka om kveldane. Det vende tilbake som protestrop i samband med det omstridde presidentvalet i landet i 2009.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.