Akkajaure er ein innsjø i Jokkmokk kommun i Norrbottens län i landskapet Lappland i Sverige. Innsjøen ligg nordvest for Stora Lulevatten og er kjelda til Luleälven. Akkajaure er eit regulert vassmagasin og vart danna ved bygginga av kraftverket ved Suorvadammen. Under det som i dag er vassyta låg tidlegare fleire mindre vatn og mange kvadratkilometer med reinbeite-mark. Storleiken på Akkajaure varierer mellom 94 og 266 km². Vasstanden ligg mellom 423 og 453 meter over havet.
Akkajaure | |||
innsjø | |||
Áhkká sett frå innsjøen | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Landskap | Lappland | ||
Län | Norrbottens län | ||
Innsjøtype | menneskeskapt reservoar | ||
Tilsig | 55% frå Voujatätno, 25% frå ni andre elvar, 20% via tunnel frå Sitasjaure-dammen[1] | ||
Utløp | Luleälven, nedanfor Suorva-dammen[1] | ||
Nedslagsfelt | 4 650[1] km² | ||
Høgd over havet | 453[1] moh. | ||
Lengd | 60[1] km | ||
Areal | 266[1] km² | ||
Middeldjupn | 30[1] m | ||
Største djupn | 92[1] m | ||
Volum | 5,9[1] km³ | ||
Koordinatar | 67°38′07″N 17°38′29″E | ||
Akkajaure 67.635277777778°N 17.641388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Akkajaure | |||
Området omkring Akkajaure er om sommaren det vestlege kjerneområdet for 'Sirges sameby'. Det vert nytta til sommar-, haust- og vårbeite for rein. Om sommaren er det eit intensivt kalvings- og brunstområde, samt eit område for merking av reinkalvar. Mange faste reindriftsanlegg finst innanfor området og vart brukt til merking av kalvar og til slakting. Også hytter for reinvaktarar og samiske høyløer er bygt.
Sør for Akkajaure ligg fjellet Áhkká.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.