From Wikipedia, the free encyclopedia
Adolph Tidemand (14. august 1814–25. august 1876) var ein norsk kunstmålar og sentral kunstnar i nasjonalromantikken i Noreg.[1] Mellom dei mest kjende måleria hans finn ein Haugianerne, som han måla i fleire utgåver frå 1848 til 1865.[2] Eit anna er Brudeferd i Hardanger som han laga saman med Hans Gude.
Adolph Tidemand | |
Sjølportrett frå 1838 | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. august 1814 Mandal |
Død |
8. august 1876 (61 år) |
Utdanning | Det Kongelige Danske Kunstakademi og Kunstakademiet i Düsseldorf |
Yrke | kunstmålar, sjangermaler, historiemaler |
Kjende verk | Brudeferd i Hardanger Haugianerne |
Sjanger | Norwegian romantic nationalism |
Medlem av | Det kongelege svenske kunstakademiet |
Far | Christen Tidemand |
Ektefelle | Claudine Marie Birgitte Tidemand |
Adolph Tidemand på Commons |
Teikningane han utførte av norske folkedrakter har òg stor kunstnerisk og kulturell betydning. Draktteikningane spenner over eit tidsrom på nærare 30 år; frå kunstnaren si fyrste studiereise i 1843 til den siste i 1874, og utgjer til saman rundt 150 teikningar og arbeid i olje.[3] Draktteikningane tilhøyrer Nasjonalgalleriet og er ein del av i basisutstillinga Livets dans. Museet fekk samlinga som testamentarisk gåve i 1882. Ho inneheld både skissebøker, teikningar, akvarellar og oljemåleri.[4]
Tidemand var fødd i Mandal som son av tollinspektør og stortingsrepresentant Christen Tidemand og Johanne Henriette Henrikke Haste, som var dansk.[1] Tilknytinga til Danmark var med på å avgjera kor han skulle utdanna seg og han studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i 1832-1837. Her hadde han J.L. Lund og Christoffer Wilhelm Eckersberg som lærarar.[5]
På Akademiet måla han landskaper saman med Dankvart Dreyer og Friedrich Ernst Wolperding og stilte ut på Charlottenborgs Forårsutstillinger i 1835-1837. Tidemand konkurrerte om og vann den vesle sølvmedaljen i 1835, den store året etter og konkurrerte om den vesle gullmedaljen i 1837 men vann han ikkje.[5]
Han reiste til Düsseldorf for å utdanna seg vidare ved akademiet der og fekk Theodor Hildebrandt som lærar. Allereie i 1841 vakte han oppsikt med måleriet Gustav Vasa taler til dalkarene i Mora kirke. Det vart kjøpt av ei kunstforeining og pengane sette han i stand til å reise til München og seinare Roma.[1]
Sumaren 1842 vende Tidemand heim til Noreg med planar om å slå seg ned for godt. Men etter ei langvarig strid om bestillinga på altartavla i Vår Frelsers kyrkje - Oslo domkyrkje, mista han moglegheita til å slå seg ned som målar i heimlandet.[1] Året etter drog han på si fyrste av mange reiser rundt i Sør-Noreg, studerte folkedrakter og samla på forteljingar. I 1844 var han med på å skipa Fortidsminneforeningen og han sat i det fyrste styret.
Tidemand slo seg ned i Düsseldorf i 1845 og budde her resten av livet. Han døydde i Kristiania.
Tidemand gifta seg med barndomsvenninna Claudine Marie Bergitte Jæger (1817–1887) i 1845. Saman fekk dei sonen Adolph. Da sonen døydde 28 år gamal i 1874, knekte det faren.[1]
I 1849 fekk Tidemand St. Olavs Orden, han fekk den franske Æreslegion i 1855 og den svenske Nordstjerneorden i 1866.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.