asteroide From Wikipedia, the free encyclopedia
90482 Orcus (overgangsnamn 2004 DW) er eit kuiperbelte-objekt (KBO) med ein diameter på rundt 1000 km. Det blei oppdaga av Michael Brown ifrå Caltech, av Chad Trujillo ifrå Gemini Observatory og av David Rabinowitz ifrå Yale-universitet. Oppdagingsbileta av objektet blei tekne 17. februar 2004. Etter oppdaginga blei bilete tekne av objektet funne ifrå so tidleg som 8. november 1951.
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | M. Brown C. Trujillo D. Rabinowitz |
Oppdagingsdato | 17. februar 2004 |
Baneskildring | |
Epoke 10. november 1951 (JD 2433960,5) | |
Aphel | 7226,801 mill. km (48,31 AE) |
Perihel | 4567,091 mill. km (30,53 AE) |
Eksentrisitet | 0,22552 |
Banehelling | 20,55233° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 946,3+74,1-72,3 km (diameter)[1] |
Masse | ~7,5×1020 kg |
~1,5 g/cm³ (anteke) | |
~0,44 km/s | |
? d | |
Albedo | 19,75+3,40-2,76 |
Orcus har éin kjend måne, nemleg Vanth, som er relativt stor samanlikna med Orcus.
Orcus er ein typisk plutino (objekt i 2:3 baneresonans med Neptun). Orcus brukar 247 år på eitt krinsløp rundt sola og har ein bane mykje lik den til Pluto, bortsett ifrå at han er orientert forskjellig. Sjølv om Orcus på eitt punkt i banen nærmar seg banen til Neptun, syter baneresonansen mellom dei to objekta at dei alltid er stor avstand mellom dei (i tillegg kjem ein vinkelseperasjon på 60°).
Den absolutte storleiksklassen til Orcus er på 2,3 (til samanlikning har ein annan KBO, 50000 Quaoar, ein absolutt storleiksklasse på 2,6). I første kvartal av 2007 vart det gjort kjent at romteleskopet Spitzer hadde fått auga på Orcus i det fjerninfraraude. Observasjonane kunne avgrensa den estimerte diameter til objektet til 946,3+74,1-72,3 km. Orcus ser ut til å ha ein høg albedo på ~20%.
Observasjonar i det infraraude av European Southern Observatory gir resultat som stemmer med blandingar av vassis og karbonhaldige sambindingar. Vidare kan spektera tekne av Gemini-observatoriet stadfesta ein middels vassissignatur; omtrent 15-30%, men ikkje meir enn 50%, av overflata er dekt av vassis. Dette tyder at det på Orcus finst mindre is en det ein finn på plutomånen Charon, men liknandes det ein finn på neptunmånen Triton. Avgrensingar for kor mykje metanis kom ein òg fram til; mindre enn 30 % av overflata er dekt av metan i fast form.
KBOar viser eit breitt utval av fargar og spektrum; til og med blant objekt med like baneparameter. Orcus har ein nøytral farge samanlikna med andre raude objekt, som 28978 Ixion.
Oppdaginga av ein satellitt i bane rundt Orcus vart annonsert i IAUC 8812 22. februar 2007.[2] Banen til månen er enno ikkje kjend. Han vart funne 0,25 bogesekund ifrå Orcus med ein storleiksklasseforskjell på 2,5. Med ein albedo lik Orcus vil han ha ein diameter på ~220 km, noko som er stort samanlikna med Orcus.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.