Øyar i Skottland
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Denne lista over øyar i Skottland inneheld først og fremst ei oppføring over alle øyane innanfor grensene til Skottland som er større enn 0,4 km² og eller er busette. Det vi her vil referere til «fastlandet» i Skottland er òg del av ei øy, nordenden av øya Storbritannia. Med «øy» forstår vi her «eit landområde som er mindre enn eit kontinent og større enn ein stein eller eit skjer, og som er heilt omgjeve av vatn ved normal vasstand». Ei øy kan altså ha samband til fastlandet med andre øyer ved lågvatn, eller via menneskeskapte konstruksjonar som bruer og vegfyllingar og framleis vere ei separat øy.
Skottland har over 790 øyar utanfor kysten av fastlandet, dei fleste av desse ligg innanfor fire hovudgrupper Shetlandsøyane, Orknøyane og Hebridane, som igjen vert delt inn Indre og Ytre Hebridane.[1] Det er òg mindre grupper av øyer i fjordane Firth of Clyde, Firth of Forth, Firth of Lorne og Solway Firth, og mange mindre øyar i dei mange innsjøane i Skottland, mellom dei Loch Lomond and Loch Maree.
Mellom mange av desse er farvatnet grunt, og fleire øyar har landsamband seg imellom ved lågvatn. Andre er knytte saman ved vegfyllingar over havnivå eller over bruer. I nokre av sunda mellom øyane kan det vere sterke tidvasstraumar. Tidvatnet i Corryvreckan mellom Jura og Scarba er ein av dei sterkaste malstraumane i verda. Andre sterke tidvasstraumar finst i Pentland Firth mellom fastlandet og Orknøyane og mellom Scarba og Lunga.[1]
Øyane har forskjellig geologi og geomorfologi. Nokre øyar som Skye og Mull er fjellrike, medan andre som Tiree og Sanday er relativt flate og lågtliggande. Mange har grunnfjell av gneis frå arkeikum som er over 3 milliardar år gamle. Andre, som Shapinsay og andre øyar i Orknøyane, er forma av sandstein av typen gammalraud sandstein som er om lag 400 millionar år gammal, medan andre igjen, som til dømes Rùm, er forma av meir nylege vulkanar frå tertiærtida.[2]
Den største øya er Lewis og Harris som har eit flatemål på 2 179 kvadratkilometer, og det er til saman 200 øyar som er større enn 0,4 km². Av dei gjenverande er det fleire, slik som Staffa og Flannan Isles som har vorte kjende trass i at dei er små.[1]
I følgje folketeljinga i 2001 var 97 skotske øyer busette. Mange øyar som tidlegare har vore busette, som Mingulay, Noss og St. Kilda-øyane har vorte fråflytta i løpet av det siste hundreåret. I dag er det berre 14 øyer som har meir enn 1 000 innbyggjarar, og 45 som har meir enn 100 innbyggjarar. Mellom 1991 og 2001 fall folketalet for øyane totalt med 3 prosent, sjølv om det var 35 øyar der folketalet faktisk auka på nittitalet. Totalt hadde dei skotske øyane i 2001 99 739 innbyggjarar.[3]
Kulturen på øyane har vorte påverka på rekke og rad av keltisk-, norrønt- og engelsk-talande grupper, og dette ser ein att i namna øyane i dag er kjent under. Dei fleste av øyane i Hebridane har namn av skotsk-gælisk opphav, medan dei nordlege øyane i Orknøyane og på Shetland gjerne har norrøne namn som er anglifisert (eller gælifisert). Nokre få av namna har namn med brytonisk eller til og med før-keltisk opphav.[1] Noko som kjenneteiknar det moderne øylivet er at det er særs liten kriminalitet, og dei vert rekna av dei tryggaste stadane å bu innanfor Storbritannia.[4]
Rockall er ei busetnadslaus øy (skjer) i Nord-Atlanterhavet, 350 km vest for Ytre Hebridane. Ho vart annektert av Storbritannia i 1955, og tilordna den skotske hebridiske øya Harris. I 1972 vart ho erklært som del av Storbritannia gjennom Island of Rockall Act. [5][6] Eigarskapet til Rockall er likevel omstridd då Danmark (på vegne av Færøyane), Irland, Island og Storbritannia alle krev rettane til havbotn utanfor øya.[7][8]