Tertiærtida
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tertiærtida eller berre tertiær har vore ei nemning på den geologiske perioden mellom krit- og kvartærtida mellom 65,5 og 1,8 (alternativt 2,6) millionar år sidan.
I 2004 avgjorde Den internasjonale kommisjonen for stratigrafi at inndelinga av kenozoikum i tertiærtida og kvartærtida skulle erstattast med ei inndeling i paleogen og neogen. Av geologiske epokar som utgjorde tertiærtida, finn ein no paleocen, eocen og oligocen i paleogen, medan miocen og pliocen (i tillegg til epokane i kvartærtida) vart slegne saman til neogen. Etter ei alternativ inndeling blir tertiær no førebels delt i to periodar, paleogen (65,5–23,0 mill. år) og neogen (23,0–1,8 (alternativt 2,6) mill. år).
Bergartar som er lagt ned i tertiær vert kalla tertiærsystemet. Namnet vart brukt første gongen 1760 av Giovanni Arduino, som delte berggrunnen i tre ledd, derav tertiær omfatta dei yngste og gjerne fossilrike sedimenta. I 1810 samanfatta Alexandre Brongniart alle sedimentære bergarter i Parisbekkenet under terrain tertiaires, og snart vart alle avleiringar som var yngre enn krit i vestlege Europa rekna til tertiær.