40°14′27″N 79°14′16″W
Meir informasjon Dato, Stad ...
Slaget ved Fort Ligonier |
Del av den franske og indianske krigen |
Planteikning av Fort Ligonier frå 1896 |
Dato |
12. oktober 1758 |
Stad |
dagens Ligonier i Pennsylvania |
Resultat |
Britiske siger |
|
Partar |
Frankrike |
Storbritannia |
Kommandantar |
usikkert, truleg Charles Phillip Aubry[1] |
James Burd |
Styrkar |
440 troupes de la marine og militssoldatar 150 innfødde[1] |
over 2000 regulære og militssoldatar[2] |
Tap |
Små[3] |
12 drepne 18 skadde 31 sakna[4] |
|
|
Lukk
Slaget ved Fort Ligonier (òg kjend som Slaget ved Loyalhanna eller Slaget ved Loyal Hannon) var eit slag i den franske og indianske krigen. Den 12. oktober 1758, vart franske og indianske styrkar frå det nærrligande Fort Duquesne drivne attende i eit åtak på den britiske utposten Fort Ligonier, som då framleis var under oppbygging.
Kommandant for britane var oberst James Burd. Han hadde plassert ut fleire menn for å halde vakt over forsyningane og dyr som beita i nærleiken. Desse vart hardast råka av åtaket. Lyden av geværskot nådde fortet og Burd sendte ut ein bataljon som raskt vart driven tilbake til fortet av franskmennene. Garnisonen var på kring 2000 mann. Franskmennene og indianarane vart drivne attende av det britiske artilleriet og venta til mørket senka seg før dei gjorde eit nytt åtak. Franskmennene prøvde å ta ein av reduttane, men då lyset kom vart dei igjen drivne bort av artilleriet. Dei tok livet av eller tok med seg om lag 200 hestar før dei vendte attende til Fort Duquesne.[5]