Den franske og indianske krigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den franske og indianske krigen, òg kalla Erobringskrigen (fransk Guerre de la Conquête) eller omtalt som ein del av den større konflikten Sjuårskrigen, vart utkjempa i Nord-Amerika mellom 1754 og 1763. Namnet «Den franske og indianske krigen» syner til dei to hovudfiendane til Storbritannia: dei kongelege franske styrkane og forskjellige indianarstammer i Nord-Amerika. Konflikten var den fjerde kolonikrigen mellom Frankrike og Storbritannia og medførte at Storbritannia erobra Canada. Resultatet av krigen var eit av dei viktigaste i løpet av ein hundreårsperiode med krig mellom dei to landa. Frankrike og Spania var allierte i krigen, og for å kompensere tapet til Spania av Spansk Florida til britane, gav Frankrike Louisiana vest for Mississippielva til Spania. Frankrike sine koloniar nord for Karibia vart redusert til småøyane i Saint Pierre og Miquelon og stadfesta Storbritannia som den dominerande kolonimakta i Nord-Amerika.
Den franske og indianske krigen | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av sjuårskrigen | |||||||||
Kart over dei nordvestlege områda der den franske og indianske krigen pågjekk | |||||||||
| |||||||||
Partar | |||||||||
Frankrike Ny-Frankrike Innfødde allierte:
|
Storbritannia Britisk Amerika Innfødde allierte:
| ||||||||
Kommandantar | |||||||||
Marquis de Vaudreuil Baron Dieskau # Louis-Joseph de Montcalm † Chevalier de Lévis # |
Edward Braddock † William Shirley Lord Loudoun James Abercrombie Jeffrey Amherst Edward Boscawen | ||||||||
Styrkar | |||||||||
10 000 regulære troppar (troupes de la terre og troupes de la marine, den største styrken i 1757)[1] 7 900 militssoldatar 2 200 innfødde (1759) |
42 000 regulære og militstroppar (største styrke, 1758)[2] | ||||||||
Tap | |||||||||
Minst 5 700 drepne, skadde eller fanga | Minst 11 100 drepne, skadde eller fanga |