Sjuårskrigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
I sjuårskrigen (1756–1763) var alle dei europeiske stormaktene på denne tida med, og mellom 900 000 og 1,4 millionar menneske miste livet. Britane kom med i krigen to år etter han starta og kalla han seinare sjuårskrigen, sjølv om han i røynda varde i ni år. Preussen, Kurfyrstedømet Braunschweig-Lüneburg og Storbritannia (medrekna britiske koloniar i Nord-Amerika, Det britiske Ostindiske kompaniet, og Irland) slost mot Austerrike, Frankrike (medrekna den nordamerikanske kolonien Ny-Frankrike og Det franske Ostindiske kompaniet), Det russiske riket, Sverige og Sachsen. Portugal (på britisk side) og Spania (på fransk side) vart seinare inndregne i konflikten, og ein styrke frå dei nøytrale Sameinte Nederlanda vart påteken i India.
Sjuårskrigen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Slaget ved Kunersdorf av Alexander Kotzebue, 1848. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Preussen Storbritannia og koloniane deira Hannover Irokesarføderasjonen Portugal Braunschweig Hessen-Kassel |
Det tysk-romerske riket Frankrike og koloniane deira Det russiske imperiet Sverige Spania og koloniane deira Sachsen Napoli Sardinia | ||||||
Kommandantar | |||||||
Fredrik II Friedrich Wilhelm von Seydlitz John Manners Edward Boscawen Robert Clive James Wolfe † Jeffrey Amherst Edward Braddock † Ferdinand av Braunschweig |
Graf von Daun Franz Moritz von Lacy Karl Aleksander av Lorraine Ernst von Laudon Ludvig XV Louis-Joseph de Montcalm † Elizabeth Pjotr Saltykov Fredrik August II |
Menorca – Lobositz – Reichenberg – Praha – Kolín – Hastenbeck – Gross-Jägersdorf – Moys – Rochefort – Rossbach – Breslau – Leuthen – Rheinberg – Krefeld – Domstadtl – Cherbourg – Zorndorf – Saint Cast – Tornow – Lutterberg – Hochkirch – Bergen – Kay – Minden – Kunersdorf – Hoyerswerda – Frisches Haff – Maxen – Meissen – Landeshut – Korbach – Emsdorf – Warburg – Liegnitz – Kloster Kampen – Torgau – Villinghausen – Kolberg – Wilhelmstahl – Burkersdorf – Lutterberg – Almeida – Kassel – Freiberg |
Jumonville Glen – Fort Necessity – Fort Beauséjour – Monongahela – Lake George - Fort Bull - Fort Oswego - Kittanning – Fort William Henry – Bloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort Carillon – Fort Frontenac - Fort Duquesne – Fort Ligonier – Ticonderoga – La Belle-Famille - Fort Niagara – Beauport – Quebec – Sainte-Foy – Restigouche - Thousand Islands – Signal Hill |
Kapp François (1757) - Martinique (1759) - Guadeloupe (1759) – Dominica (1761) – Martinique (1762) – Cuba (1762) |
Portugal (1762) – Colonia del Sacramento (1762) – Río Grande de San Pedro (1763) |
Krigen gjorde ende på stillinga Frankrike hadde som stor kolonimakt i Amerika, og landet miste flest alle områda sine i Nord-Amerika, attåt nokre i Karibia. Det miste òg stoda som største stormakta i Europa,[1] fram til den franske revolusjonen. Samstundes kom Storbritannia fram som den dominerande kolonimakta i verda. Den franske marinen vart kraftig redusert, som gjorde at berre ei kraftig oppbygging saman med Den spanske marinen kunne føre til at Royal Navy atter kunne trugast til sjøs.[2] På andre sida av verda fekk Det britiske Ostindiske kompaniet den sterkaste stillinga i India, som seinare vart «juvelen i Det britiske imperiet». Krigen vart av Winston Churchill skildra som den fyrste «verdskrigen»[3] av di han var den fyrste konflikten i historia som vart utkjempa på heile jorda, endå flest alle statane var europeiske. Som ein delvis engelsk-fransk konflikt var krigen ein av dei viktigaste fasane av den andre hundreårskrigen på 1700-talet.[4] Krigen starta med at Fredrik den store av Preussen invaderte Sachsen.