From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaget ved Zorndorf var eit slag utkjempa 25. august 1758 under sjuårskrigen. Åstaden for slaget var den prøyssiske landsbyen Zorndorf (i dag Sarbinowo i Polen).
Slaget ved Zorndorf | |||||
---|---|---|---|---|---|
Del av sjuårskrigen | |||||
Slaget ved Zorndorf | |||||
| |||||
Partar | |||||
Preussen | Russland | ||||
Kommandantar | |||||
Fredrik den store | Grev Wilhelm von Fermor | ||||
Styrkar | |||||
36 000 167 kanonar |
43 500 210 kanonar | ||||
Tap | |||||
12 797 & 26 kananoar | 18 500 |
Menorca – Lobositz – Reichenberg – Praha – Kolín – Hastenbeck – Gross-Jägersdorf – Moys – Rochefort – Rossbach – Breslau – Leuthen – Rheinberg – Krefeld – Domstadtl – Cherbourg – Zorndorf – Saint Cast – Tornow – Lutterberg – Hochkirch – Bergen – Kay – Minden – Kunersdorf – Hoyerswerda – Frisches Haff – Maxen – Meissen – Landeshut – Korbach – Emsdorf – Warburg – Liegnitz – Kloster Kampen – Torgau – Villinghausen – Kolberg – Wilhelmstahl – Burkersdorf – Lutterberg – Almeida – Kassel – Freiberg |
I august 1758 rykte 43 000 russiske soldatar fram under Wilhelm von Fermor til dei var 100 km frå Berlin og hadde som mål å slå seg saman med austerrikarane under feltmarskalk Daun. Kong Fredrik II av Preussen forstod at om dei slo seg saman kunne det bety at Berlin fall, og valde derfor å kome planane deira i forkjøpet. Han kom derfor på russarane bakfrå. Fermor, som då omleira Küstrin, fekk vite om manøvrane til Fredrik II frå kosakktokt. Han enda omleiringa og la seg til ved ein fordelaktig posisjon ved Zorndorf, 10 km søraust for Küstrin.
Den 25. august gjekk infanteriet til Fredrik til åtak på eit russisk «observasjonskorps», som berre bestod av unge vernepliktige. Russarane klarte å halde stand fram til det kjende kavaleriet til Friedrich Wilhelm von Seydlitz slo til. Det russiske kavaleriet braka saman med det prøyssiske, men vart avleidd og måtte flykte mot dei russiske infanteristane. Desse, forvirra av ei sky av støv og krutrøyk, trudde det var prøyssarane og opna artillerield mot dei. I mellomtida hadde infanteriet til Fredrik gått til åtak på venstreflanken til den russiske armeen.
Under det påfølgjande slaget, gjekk begge sider raskt tom for krut og starta ein hand-til-hand kamp. Det vart sagt at ein russisk avdeling hadde slått seg til i eit lager med vintønner og drakk seg fulle. Då nokre av dei prøyssiske bataljonane synte teikn på at dei var trøytte, leidde Fredrik sjølv an åtaket. Slaget vart av samtidige skildra som det blodigaste på 1700-talet. Ein prøyssisk offiser rapporterte at «lika til russarane dekte sletta rekkje etter rekkje, dei stod ved sidan av kanonane sine medan kroppane deira vart kappa i bitar av sablane våre, men gjorde likevel ikkje retrett». Etter slaget skal Fredrik ha kome med det kjende utsagnet at «det er lettare å drepe russarane enn å vinne over dei»
Den kraftige kampen heldt fram til mørket kom, då 80 % av observasjonskorpset var døde. Tapa på begge sider er estimert til kring 32 %: prøyssarane mista 12 800 mann, russarane over 18 000. Slaget ser ut til å ha enda utan vinnarar. Russarane heldt framleis stand på slagmarka dagen etter, men Fermor var den første til å trekke seg attende mot Landsberg. Dette hindra russarane i å nå sine austerrikske allierte og Fredrik kravde dermed sigeren, sjølv om enkelte russiske historikarar meiner annleis.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.