Jevnaker kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jevnaker kyrkje er ei verna åttekantkyrkje (kyrkje med åttekanta grunnplan) frå 1834 i Jevnaker kommune på Hadeland i Viken fylke. Ho er bygd i tre og har 400 sitjeplassar. Det opphavlege interiøret er teke godt vare på, mellom anna med preikestolen plassert over altaret i ein kombinasjon som ofte vert kalla preikestolaltar. Truleg har byggmeister S.H.Aspaas og sokneprest (og astronom) Abraham Pihl stått for teikninga og bygginga av kyrkja, men det er òg mogleg at ho kan vere bygd med Vang kyrkje i Hamar som førebilete.
Jevnaker kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Kommune | Jevnaker | ||
Type | åttekant | ||
Teknikk | lafteverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 8. oktober 1834 | ||
- Endringar | 1890, 1910 | ||
Tårn | I vest | ||
Klokker | 1789 (Erich Schmidt) og 1893 (O. Olsen & Søn) | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Døypefont | 1732, kalkforma og med akantus | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1962 | ||
Sitjeplassar | 400[1] | ||
Diverse | Prekestolalter | ||
Jevnaker kyrkje 60.257705°N 10.434426°E / 60.257705; 10.434426 | |||
Wikimedia Commons: Jevnaker kirke | |||
Jevnaker kyrkje står på same plassen som ei steinkyrkje frå mellomalderen stod tidlegare, men som vart for lita på byrjinga av 1800-talet. Kyrkja er soknekyrkje i Jevnaker sokn i Hadeland og Land prosti i Hamar bispedøme.
Prestegarden ligg på den andre sida av E16.