Vang kyrkje på Hedmarken
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vang kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1810 i Hamar kommune, Innlandet. Kyrkja har murveggar av pussa naturstein, og kyrkjerommet er mellom dei største i Noreg, med 1000 sitjeplassar. Kyrkja vart innvigd av biskop Bech 30. november 1810.
Vang kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Hamar | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Hamar domprosti | ||
Sokn | Vang | ||
Fellesråd | Hamar | ||
Type | Åttekant | ||
Periode | rokokko | ||
Arkitekt | Abraham Pihl | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Naturstein | ||
Innvigd | 1810 | ||
- Endringar | 1877-78 | ||
Skip | Åttekant | ||
Sitjeplassar | 1000[1] | ||
Vang kyrkje på Hedmarken 60.80238889°N 11.13272222°E / 60.80238889; 11.13272222 | |||
Wikimedia Commons: Vang kirke, Ridabu | |||
Helge Karset kalla den «Norges mektigste og mest monumentale landskirke»[2], medan Carl Schnitler meinte kyrkja er «et av de bedste rokokoarbeider i Norge.»[3] Svensken Sven Nilsson vitja Pihl i 1816 og vart svært imponert over bygget som han meinte var ein av finaste landskyrkjene i Noreg, «som äfven skulle kunna pryda en stad.» [4]
Prestegarden, som ligg tett ved, heiter også Vang og har gitt namn til bygda. Ved den tidlegare prestegarden finn ein no Toneheim folkehøgskole. Hanna Winsnes budde der medan mannen var sokneprest.[5]
25. februar 1814 var det val av valmenn som skulle peike ut utsendingar frå Hedmarkens amt til Riksforsamlinga på Eidsvoll.[6] Hamar vart kjøpstad i 1849, men hadde ikkje eiga kyrkje og innbyggjarane sokna til Vang. Ridabu vart rekna som langt frå byen og det vart halde gudstenester i leigde lokale i den nye byen. Hamar betalte Vang kirke for 3–4 benkerader som framleis vart brukte av innbyggjarane i Hamar til kjøpstaden fekk eiga kyrkje i 1866.[7]