Anthony Phillips
britisk gitarist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Anthony Edwin «Ant» Phillips (fødd 23. desember 1951) er ein engelsk multiinstrumentalist, mest kjend som den første gitaristen i det britiske bandet Genesis.[1] Han spelte gitar og song korvokal fram til han slutta i 1970, etter innspelinga av det andre albumet deira, Trespass. Han slutta fordi han hadde sceneskrekk og legen hans sa at det beste nok var om han slutta i bandet. Han er kjend måte han spelar 12-strengsgitar på, noko ein kan høyre på dei tidlegaste songane til Genesis.
Anthony Edwin Phillips | |||
Anthony Phillips | |||
Fødd | 23. desember 1951 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London i England | ||
Alias | Ant, The Vicar, Vic Stench | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1967– | ||
Sjanger | Klassisk, rock, progressiv rock | ||
Instrument | gitar, vokal, klaverinstrument, bassgitar, dulcimer, trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Genesis | ||
Plateselskap | Virgin Records, Vertigo Records, RCA Records, Arista Records |
Etter han slutta i Genesis studerte Phillips klassisk musikk (særleg klassisk gitar) og spelte inn fleire innspelingar i lag med Harry Williamson, Mike Rutherford og Phil Collins, blant andre. Han spelte klaverinstrument på demoane til Peter Gabriel i 1976. Det første soloalbumet hans, The Geese and the Ghost, kom ut i 1977.
Phillips gav ut Wise After the Event i 1978 og Sides kom året etter. Ingen av albuma selde særleg bra. I 1981 samarbeidde Phillips med Andrew Latimer frå Camel og medverka på albumet deira The Single Factor (1982).
Phillips gav ut popalbumet Invisible Men i 1983. Sidan den gong har Phillips laga mykje filmmusikk i England. I 1990-åra gav han ut The Living Room Concert, med akustiske versjonar framført aleine av sine tidlegare songar.