Mike Rutherford
britisk gitarist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Michael John Cleote Crawford Mike Rutherford (fødd 2. oktober 1950) er ein engelsk musikar. Han er mest kjend som bassist i rockebandet Genesis, som han var med på å starte.[1] Rutherford spelte ofte rytmegitar og 12-strengsgitar for bandet i dei tidlege åra. Etter at Steve Hackett slutta i Genesis i 1977, spelte han òg gitar på studioalbuma til bandet, frå og med And Then There Were Three i 1978. I lag med Tony Banks er han den einaste som har vore medlem av bandet frå starten og til i dag. Rutherford skreiv tekstar til mange av songane til Genesis, inkludert somme av dei største hittane deira som «Follow You, Follow Me», «Turn It On Again», «Land of Confusion» og «Throwing It All Away».[2] Han skipa òg Mike + The Mechanics i 1985. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Genesis i 2010.
Mike Rutherford | |||
Rutherford på scenen i Manchester i England i 2007 | |||
Fødd | 2. oktober 1950 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Guildford i Surrey i England | ||
Fødenamn | Michael John Cleote Crawford Rutherford | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1967 til i dag | ||
Sjanger | Progressiv rock, poprock | ||
Instrument | Bassgitar, gitar, vokal, klaverinstrument, sitar, cello, trommer | ||
Kjende instrument | Shergold Double Neck Bass Guitar Rickenbacker Steinberger Guitar | ||
Tilknytte artistar | Genesis, Mike + The Mechanics, Red 7 | ||
Plateselskap | Charisma Records | ||
Verka som | Musikar og låtskrivar |