From Wikipedia, the free encyclopedia
Ђ, transkribert đ på norsk,[1] er ein kyrillisk bokstav som blir brukt til å skriva serbisk og montenegrinsk. Han representerer ein stemd alveolo-palatal affrikat /d͡ʑ/, og er den sjette bokstaven i det serbiske alfabetet
Bokstaven blei utforma på førespurnad frå Vuk Stefanović Karadžić.[2] Det blei laga fleire forslag til utforming (eit av Pavle Solarić, eit anna av Gligorije Geršić). Varianten som blei teken i bruk blei utforma av Lukijan Mušicki;[3][4][2] som modifiserte bokstaven Ћ. Denne igjen bygde på den gammalkyrilliske bokstaven Ꙉ.[2] Den nye bokstaven blei teken med i Karadžić si ordbok frå 1818, og blei deretter allment utbreidd.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.