From Wikipedia, the free encyclopedia
Šolta er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg vest for Brač (på andre sida av Splitsundet), sør for Split og aust for Drvenik[1]. Ho har eit areal på 58,98 km², og eit folketal på 1 479 (2001).[2] Den høgaste toppen på Šolta er Vela Straža[3], som er 238 meter høg.[2] På nordaustsida av øya ligg dei store vikene Rogač og Nečujam. I vestlege delar av det indre Šolta ligg det ei jordbruksslette som er om lag 6 km lang og 2 km brei.
Šolta | |
---|---|
Landsbyen Stomroska på Šolta | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Areal | 58,98 km²
|
Høgaste punkt | Vela Straža (238 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Split-Dalmatia
|
Demografi | |
Folketal | 1479 |
Hovudnæringa på øya er basert på vindyrking, oliven, frukt, fiske og turisme.[1][3] Fleire landsbyar ligg borte frå kysten (Grohote, Gornje Selo, Srednje Selo, Donje Selo), medan Maslinica er den største fiskelandsbyen,[3] som berre er utsett for nordvestleg vind, og dermed ei god hamn for mindre båtar.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.